Vestlandsbanden

Med Tysker på prøve

4 stolte tyskere i Finland.

F.V Nord J(H)CH Akki’s Pb Dixi, Nord J(H)CH Klokkarsteinen’s Fluffy, INT S N UCH Nord J(H)CH S VCH Parlour’s Glen Moray, NORD J(H)CH N SE VCH Klokkarsteinen’s D-Shana

Det er mørkt og begynt å bli kaldt på natta her i dei djupe skogane i Finland. Eg sitter og venter eit par meter frå inngangen til hiet på klarsignal til å sleppa, dommaren nikkar til meg og Chana stuper inn gjennom nålauga. Finner sandvollen og snur for å søka etter ein open inngang, då ho ho ikkje finner andre veier inn grev ho seg raskt igjennom sanden og frem til reven der ho melder ganske klart at ho har kontakt. Reven blir no slept fri i hiet og han forflytter seg opp i venstre hjørnet der han setter seg i forsvarsposisjon vell vitande om kva som kjeme no. Det blir opna for Chana og forfølgelsen startar i stor fart, ein ørliten pause i krysset for å sjekka kva vei reven har tatt før farten aukar igjen. No skjer alt på et øyeblikk, det smeller i to skilleplater luker blir åpna og hunden kjem ut. Og der var visst prøven over bare sekunder etter at ho slapp inn.

Historien vår startar egentlig i Juli 2010 då me møter opp på Hi-Campen på elverum for å prøva oss på hiet der. Treninga har gått bra og me ser med spenning fram til prøven på onsdag då alle fira hundane våre skal prøvast. Dei stiller med litt variert bakgrunn Fluffy og Chana stiller for første gang, Dixi har eit Cert med seg og Jerri er Svensk Hi champion ifrå før.
Onsdagsmorgonen kjem og me møter opp ved hiet, det er 22 hundar som skal stilla i dag. Derav 5 Tyskera, resten er forskjellige dachsar, border og parson terriere. For å gjera ein lang historie kort, alle hundane våre gjekk eksemplarisk og av de 22 startande vart det utgitt 6 fyrste premiar, 5 med Cert. Blant desse seks var alle Tyskerane samt ein border. Jerri var no ferdig med sine prøvar då han hadde det som skulle til for å bli Norsk Jaktchampion, og Fluffy gjekk ut som prøvevinner med Dixi og Jerry som to og tre og me var alle strålande fornøgd med debuten vår.

Etter elverumsprøven 2010, de tre beste hundene på prøven. Jerri, Fluffy og Dixi

Jan Inge vart verande på Elverum mens me satte kursen mot Sverige der me skulle vera med Tysk Jaktterrierklubbs sommartreff på Østre Malma, her var det mykje aktiviter og morro, men det er ein annan historie. Her stilte Chana på hiprøve og fekk godkjent med toppkarakter, dommaren sa det var den mest lovande unghunden han hadde sett.

Veka etter var det ny prøvehelg for oss da det var Hi-prøve i Bergen, her var det bare tre tyskere som stilte da Jerri nå var ferdig. Det vart fyrstepremie på alle, Fluffy gjekk ut som prøvevinner her også med Cert og Dixi har nå sine prøveresultat for championatet.

Dagen etter for Jan-Inge til austlandet for å pare Faxe og tok da samtidig med seg Fluffy for å gå ein bevegelig prøve hos Steinar, dette endte med eit nytt Cert for hennar del og også ferdig med norske prøvar.

No var det igjen tid for jakt så det vart ikkje gjort noko meir før NKK si utstilling i Bergen, der me stilte alle hundane og Fluffy og Dixi vart no Norsk Jaktchampion(Hi), Chana trenger fortsatt eit Cert før ho får tittelen.
Me har planlagt eit Tysker/Hi-treff i Hafslo i byrjinga av Juni og der er håpet å få det manglande Certet, eg begynner og å leika med tanken om å prøva å få eit viltsporchampionat mens me er der. Har foreløpig bare ein fyrstepremie fra ordinær prøve her i forbindelse med kvalifiseringa til ettersøkshund. Så melder meg opp på ein bevegelig prøve i slutten på April, det går som på skinner og får ein fyrstepremie med HP på denne så nå byrjar det å nerme seg.

På skuddfasthetstest i Sverige.

Når det har gått så bra med Chana får eg jo prøva Chica også, hun startar også veldig greit må gå og halda henne litt igjen då ho har lyst til å gå fortare enn det som er ønskelig. I vinkelen med avhopp mistar ho sporet men etter litt runding tar ho det fint igjen og siste vinkelen er det ikkje tvil om og ho går so rett på foten. Så da var dagens andre 1.premie med HP på plass, er jo ein lovande start for ein hund som bare så vidt er 10mnd gammal.

Søndag er det Hi-prøve i dag var det to Tyskere og ein border som stilte til start, det endte opp med Cert til begge Tyskerene og sidan me allerede har ein godkjent prøve ifrå Sverige så er Chana no Norsk og Svensk Jaktchampion(Hi).

Juli kommer og vi er nå tilbake på Elverum og er nå eit år inn i historien vår, stiller ingen hunder på elverumsprøven nå, Jan Inge og eg stiller istaden som elevar på prøven. Er 25 hundar som stiller til start her i år derav to tyskera. Blir ikkje same statistikken i år då eine Tyskeren roter det til og blir trekt av fører. Den andre Klokkarsteinen’s Asterix som er halvbror til Fluffy og Chana og ikkje minst bare ti mnd gammel går av med seieren, 1.premie og prøvevinner.
Så snart prøven er ferdig på onsdagen så setter me kursen sørover mot Sverige, skal til Osby i Skåne og vera med på årets sommartreff i Tysk Jaktterrierklubben. I år er Jan Inge også med.

Hans Olav Nordli klar for å slippe på svensk hiprøve.

Fredag reiser me tidlig av gårde for å komma til hiet, sidan Chana i tillegg til hi-prøven også skal ta hi delen til jaktprøven så må ho godkjennast på skuddtest før ho får stilla på prøven. Eg har sporprøve med Chica ein annan stad med start samtidig så Jan Inge tar Chana med på skuddtesten.
Chica går til ein 1.premie på sporprøven i vanskelig terreng, sporet gjekk rett over eit aktivt grevlingehi samt det var mykje ferskspor som kryssa, når me kjeme tilbake til hi prøven så er prøven i full gang skuddtesten hadde gått bra og Dixi var ferdig med sin prøve, med resultat Godkjent så var det Fluffy sin tur og hå går klokkereint og får også Godkjent så der var to Svenske Jaktchampionat i boks for Jan Inge. Chana går og perfekt på sin prøve og får Godkjent samt full poengsum for jaktprøven. Deretter må me av gårde til ein gård i nærheten for vanntesten som også inngår i jaktprøven, her skal hunden visa hvor godt den likar vatn. Jo mindre lokking som skal til jo bedre poengsum, også her kjeme me ut med full score og er godt fornøgd med dagen så langt.

Laurdagen skal Chica på utstilling mens eg og Chana reiser ut for å ta ein sporprøve. Dette sporet må vel også karakteriserast som vanskelig då det var i svært vilttette områder, på vei til sporstart så står der ein elg og ser på oss. Også dette sporet går nerme eit grevlingehi, samt at underveis så kjeme det to lause hundar springande og vil vera med oss. Men Chana taklar alt dette greit og får sin 1.premie på spor og er dermed også Svensk Viltsporchampion.

På søndag er det chica sin tur til å stille på hi og jaktprøve, ho skulle egentlig stilt fredag men vart ikkje gamal nok før laurdag.
Startar som med Chana med innmåling/tannsjekk og skuddtest på morgonen, så følger hiprøven. Ho går meget godt og får Godkjent samt toppscore til jaktprøven. På vanndelen går ho i på kommando og får dermed full score med hederstegn på den.

Me hadde heilt sidan vårparten planlagt ein tur til utajärvi i Finland for å ta hi-prøve der, Alle snakka jo om at det var Finsk hi-årøve som var noe og det var der du fekk testa hunden skikkelig sidan dei har laus rev i hiet. Så det var med stor spenning me reiste dei 160mila til Utajärvi.
Første målet var Karungi rett nord for Haparanda i Sverige, og me kom her utpå kvelden på Onsdagen, og det vart stor jubel hos jentene når de såg at det var do og dusj i hytta. Her vart me fram til Fredag for å slappa av litt og la hundane akklimatisera seg. Torsdag formiddag kom Jan-Inge også etter å ha kjørt i eit sidan kvelden før. På kvelden er me oppe hos Anita og får ein flott laksemiddag, men det blir ein tidlig kveld på oss da me skal prøve å nå treninga i Finland på fredagen.

Montering av kunsthi i Finland

Kjem oss av gårde på morgonen og fyrste stopp er rett over grensa for å få tatt ut euro, så kjører me til Oulu og har ein handle/matpause der. Treninga skulle starte her kl 15 og me er litt forsinka og kjem ikkje her før rundt 15:30 men det skulle visa seg å vera god tid, for hiet var ikkje bygd enda og verken rev eller trener var på plass. Utpå ettermiddagen så var alt i orden og me kunne få prøvd hundane, vart meir ein bli kjent runde enn trening da hiet var tomt.

Ein spent Jan Inge Skjerven med Jerri venter på å få starte på tomgrytsverifikasjonen.

Så var det igjen å sitta og venta på at dommaren skulle komma, når kl nerma seg 20 var han endelig på plass og me kunne starta, tyskerane våre skulle alle starta på såkalt A prøve så me var sist inn. Men alle skulle fyrst igjennom den såkalte tomgrytsverifikasjonen, ein måte å sjekka ærligheten på hunden på. Dei jagde fyrst ein rev igjennom hiet så det skulle lukta der og så slapp dei inn hundane. Hunden skulle søka igjennom hiet og vera stille underveis, jo fleire nålauge dei tok jo bedre karakter. Her var bare ein hund som strauk, det var ein dachs som nekta å gå inn.

Marcus Skjerven slipper Fluffy på hiprøve i Finland

På sjølve prøven så vart det stengt for hunden så snart den kom igjennom fyrsta nålauga og så hadde den 20 minutt på seg for å visa at den kunne jobben sin. Var ein del hundar som brukte heile si tilmålte tid så det vart nermare midnatt før me kunne få sleppa til med våre hundar. Men endelig er det vår tur og Jerri er fyrstemann. Han går inn og graver seg rolig gjennom sanden og fram og markerer på reven, reven blir slept vidare så får Jerri følga etter. Han gjere ei skinnangrep på reven før han prøver å finna ny vei inn til han, kjeme tilbake for eit nytt skinnangrep og då reven fortsatt ikkje flyttar seg prøver han på nytt å finna ny vei inn. Det er ikkje fleire muligheter så når han kjeme tilbake for tredje gang så høyrer me på taktomslaget i higangen at no meiner han alvor og kjører inn for fullt for å pressa reven ut. Dommaren går raskt inn og bryter prøven og kveldens fyrste Finske og Nordiske Jaktchampionat er i boks. Så var det Chana sin tur. Prøven hennas vart skildra i innledninga til historien, ho fekk 50 av 50 poeng på den og kveldens andre Finske og Nordiske Jaktchampionat er sikra. Så kjeme Dixi og Fluffy og prøvane deira er så godt som identiske til Chana både i tidsrom handlemåte og bedømming, alle fekk 50 Poeng og me hadde fira Nordiske jaktchampionar med oss heim igjen. Chana og Fluffy er heilsøstre men ikkje kullsøstre og Dixi er mor deira, så dette var jo ein skikkelig familieaffære.

Ein fornøgd Jan Inge med Dixi etter Finlandsprøven.

Ein stolt gjeng i Finland.
Jan Inge Skjerven, Marcus Skjerven og Hans Olav Nordli,
Nord J(H)CH Akki’s Pb Dixi, Nord J(H)CH Klokkarsteinen’s Fluffy, INT S N UCH Nord J(H)CH S VCH Parlour’s Glen Moray, NORD J(H)CH N SE VCH Klokkarsteinen’s D-Shana

Ekstra stort var det nok for Marcus som førte sin hund Fluffy sikkert gjennom alle prøvane til det Nordiske jaktchampionatet. Det er ikke verst for ein som fyller 13 år to dager før siste prøven.

Heimvegen kjentes ikkje så lang når me kunne reisa med sånne resultat, men da var godt å komma heim igjen og parkera bilen, siste månaden hadde det jo vorte borti 5000km kjøring på kvar av oss.

Dei som deltok er:

INT S N UCH Nord J(H)CH S VCH Parlour’s Glen Moray “Jerri”
Nord J(H)CH N S VCH Klokkarsteinen’s D-Shana “Chana”
Nord J(H)CH Akki’s Pb Dixi “Dixi”
Nord J(H)CH Klokkarsteinen’s Fluffy “Fluffy”