Doffen og Chana

Eg hadde lenge gått og tenkt på å få meg ein ny hund og då spesielt ein som var brukande på Hjortajakt. Hadde tidligare hatt ein foxterrier og likte typen veldig godt. Så etter å ha lest litt og sjekka rundt om så falt valget på Tysk Jakterrier.

Etter å ha sendt nokre mailar rundt med forespørslar, så fekk eg eit tilbod frå Jan Inge Skjerven som det ikkje gjekk an å sei nei til. Han hadde tispekvalper med gode genar igjen i kullet sitt, og ikkje minst eg kunne få låne faren til kvalpen med på jakt for å prøva rasen før eg kjøpte.

Så etter å ha diskutert pr telefon med Jan Inge så vart me einige om at han skulle ta med både kvalpen og Doffen (faren) på jobb så kunne eg hente de der.

Mandagsmorgonen i kald blåst og regn er eg på plass i Eikelandsosen for å hente hundane, og tar dei med heim.

    

Vel heima så springer Doffen rett inn i huset, tar seg en runde for å bli kjent og så er han liksom heima. Roligere og meir behagelig hund å ha i hus skal ein leita lenge etter. Dagen etter skal me til fjells og sjå korleis det går på hjorten, er ein del strie regnbyger men me lastar i båten for å ta turen over fjorden. Imens me driver og lastar om bord og auser så finner Doffen ut at han skal rundt å bli kjent her og, og greiaste måten å forflytta seg på er visst å balansera på ripa. Detta går greit heilt til han kommer til åregaffelen der blir da litt trongt, noke som medfører at me får sjekka svømmeferdighetane hans (som er heilt upåklagelige).

Etter ein halv times båt tur setter eg Kenneth i land der han skal gå opp og posta mens eg kjører over til nabobygda og legger båten der. På vei til skogen så må eg over to jorder, eina med ein blanding av dalasau og kyr og det andre med villsau på. Setter sporsele på Doffen, fester lina i beltet og tenker jaja no får me i alle fall sjekka om han er sauerein slik som det er påstått. Går oppover gjordet og han enser ikkje dyra som er der eingong, men kyrne har lyst å inspisere oss og kommer etter. Så eg tar med Doffen og hopper over gjerdet og inn til villsauene og går gjennom der til porten, han ser ikkje ein gong mot sauene her heller så han er heilt klart husdyrrein.

Er ikkje kommet meir enn noken meter inn i skogen før han har hjort i nasa, og ser tydelig at han søker på overvær. Men må ta han av og gå forbi her til me er inne i området der eg har håp om å få dyr mot posten. Etter å ha kommet eit stykke til fjells så tar me ut eit dyr rett under tømmerhaugen og det er full los i lina. (Då det er ukjent hund, samt nytt terreng for hunden så går eg med den som bandhund for å ikkje risikera noke). Ringer Jan Inge for å informera om dette, og får til svar at det er bare å sette seg ned ein fem minutters tid så sporet får blitt litt kaldere så vil han spore stille.

Og det stemmer, etter å ha sete ein ti minuttars tid i fjellduken og ridd ut ei regnbyga, tar me opp sporet igjen og no går det stille for seg. Er nok fortsatt litt mye lukt for han søker mykje for å greie ut oppover lia. Etter et par hundre meter så går hjorten i ein liten tett sirkel før han fortsetter oppover, og like etter ser eg kolla som står i et kjerr og lurer. Har ikkje løyve igjen på kolle så me går inn og sjekker om det er fleire dyr, noko det ikkje er, før eg tar Doffen av sporet og går vidare. Han ville tilbake dei første hundre metrane og så gjekk han fint og søkte etter neste hjorten.

Kryssar elva og kjem inn mot dyrhaug, der kjem me på ferske spor etter ein bukk som me nettopp har støkt. Følger sporet ner mot ei lita elv, så opp brattaste lia som var og deretter går han snorbeint mot neste elv der posten er. Når me kjem til elva så skjønar eg at han har gått for høgt i forhold til der posten har sett seg, så me stoppar og gjer melding til Kenneth om at han må skifte post. Setter meg ned med Doffen og tar lunch mens me venter på at posten skal vera på plass og håpar at bukken har stoppa før han passerer der posten skal vera. Kenneth blir no sittande bare nokre hundre meter frå grensa så er ikkje bukken imellom oss no så er løpet kjørt.

Var ingen problem å ta Doffen av sporet og venta, han sat stille og rolig ved sida av meg mens me delte matpakka og venta.

Etter tre kvarter får eg endelig meldig frå Kenneth om at no var han på plass på posten, så eg pakkar sekken og tar Doffen med tilbake til der me gjekk av sporet. Han tar opp sporet med ein gong men i staden for å kryssa elva der eg trudde så følger han den nedover fleire hundre meter før han kryssar. Tar så oppover lia igjen på andre sida og eg tar meg fleire i ganger i å tenka at no tullar du Doffen, hjorten ville ikkje gått her når han har fin sti å følga bare nokre meter unna. Men når eg sjekkar så fins da bukkespor under lyngen der me går. Og etter ca 1,5km så ser eg bukken står på ein kolle i skogen framfor oss. Eg melder til Kenneth at no er bukken på vei og fortsetter etter den. Det lakkar og lir men ingen skudd kjem, og sporet har no svingt og går rett nedover lia. Så eg byrjar å bli litt bekymra for at han har lurt oss her, men so smell da og litt etter kjem da over radioen at bukken er nede. Omtrent samtidig så svingar Doffen oppover igjen og tar oss dei siste 500metrane fram til der bukken ligger.

 

No har me fulgt han i omtrent 5 kilometer utan å ha rota på sporet ein gong, (og det med for meg ukjent hund, og for hunden ukjent førar) eg er veldig imponert over denne hunden. Han tar sporet veldig lett og jo eldre det blir dess reinare går han.

Da var ein stor fryd å få prøva Doffen på jakt. Og no gledar eg meg stort til neste år når Chana er klar til å vera med.

Når ho var ni veker gammal tok eg henne med og viste ein bukk me hadde skote og dradd heil heim. Da var ikkje antydning til nøling i den vesle skrotten da var rett fram og lukta litt på hjorten og så var bustinga i gang, heilt til ho fant skuddholet då var da meir interessant å eta kjøtt enn hår.

Helsing Hans Olav & Chana